Folk i Ryfylke 2000

Ved eit tusenårsskifte er det naturlig at ein stansar opp og summerer opp, samtidig som ein tenkjer meir enn ved andre årsskifte på kva framtida kan komme til å bringe.
Å sjå bakover er kvardagen til museumsfolk. Å sjå framover, det er det ikkje like opplagt for alle at vi gjer. Dette årsskriftet vil vise deg at Ryfylkemuseet er opptatt av framtida. Vi er også villige til å vere med og forme framtida, om vi får  høve til det. Dei som kjenner oss veit at vi til og med har fått prisar for engasjementet vårt i samtida og med samfunnsforminga. Røy Høibo sin artikkel fortel om alt dette og meir til.
Det er nokre utvalde deler av tilværet som blir trekte fram i skriftet vårt, og forfattarane har ikkje skrive science fiction. Dei tar utgangspunkt i den nære fortida, skriv om kva som er verdt å ta vare på og åtvarar  mot det dei som som negative tendensar i tida.
Dette er ikkje konservatisme og <alt var betre før> – haldningar. Sjå bare Anders M. Andersen sine radikale tankar om fylkesinndelinga! Erik Rørtveit argumenterer for nyetablering, tvert imot rådande, opplesete og vedtatte trendar i bankkrinsar. Og Otto Lagarhus råder politikarar og andre samfunnsplanleggarar til å legge til rette for vekst og busetting, ikkje hemme dette ved reguleringar og stengsler.
Kom ikkje og sei at Ryfylke ikkje har ei framtid!


Pris kr 120,- (frakt kjem i tillegg).
Du kan kjøpe boka i museumsbutikken på Nesasjøhuset.
Bøkene kan også tingast her.

INNHALD

Desse artiklane finn du i årboka, i tillegg til årsmeldinga.


Anders M. Andersen; Ryfylke i fylket?


Otto Lagarhus; Måter å overleve på i Ryfylke


Erik Fossåskaret; Båt- og ferjereisene reiste bygda sin sosiale kapital


Øyvind Bergøy; Ryfylkelandbruket og framtida


Tormod Skeie; Gardar og «landsteder» på bygdene


Erik Rørtveit; Banketablering på Finnøy


Elvira Ekholdt; Som en pensjonist ser det


Tove Solheim; Folkemusikk i framandt land


Ruth Anne Moen; Folkemusikkarkivet – for fortida eller framtida?


Roy Høibo; Museet som allmenning i bygdeutviklinga


Bli Medlem