Erfjord, Gardar og folk I
Erfjordbøkene, med to bind, er ein del av Suldal kommune si satsing på bygdebøker. Det er gjeve ut ålmenne bygdebøker både for gamle Suldal, gamle Jelsa (med Erfjord) og gamle Sand. Forfattaren av Erfjordbøkene – Ernst Berge Drange – har tidlegare skrive 3 bind med historia til gardar og folk i Sand, og no altså gardar og folk i Erfjord. Sidan er det planen å gje ut nye bøker for både gamle Jelsa og gamle Suldal. Sandsbøkene har vorte skildra som svært grundige, men samstundes lettleste og spennande. Erfjordbøkene er bygde opp på same leisten, og i tillegg er det med eigne bygdelagskapittel.
Pris kr 400,- (frakt kjem i tillegg).
Du kan kjøpe boka i museumsbutikken på Nesasjøhuset.
Erfjord Gardar og folk II
Forfattaren av Erfjordbøkene har tidlegare skrive «Sand. Gardar og folk» i tre bind (1997-2000). Erfjordbøkene er bygd opp på same leisten.
Dette er sagt om Sandsbøkene: «Trebandsverket om Sand er eit bygdebokverk som ruver og imponerer. Det gjeld omfanget … Men like mykje blir ein imponert av den stoffmengda framstellinga er bygd opp av: topografien utnytta på ein skjønsam måte, i tillegg til arkeologisk materiale, stadnamn, skriftlege kjelder, tradisjonsstoff, fotografi.»
Om bilettilfanget: «Det er storveges! … Eg kan ikkje hugsa å ha sett ei så rik og variert samling av kulturhistorisk interessante bilete i noko bygdebokverk.»
(Professor Halvard Bjørkvik i «Heimen», Lokalhistorisk tidsskrift 2-2001.)
Pris kr 400,- (frakt kjem i tillegg).
Du kan kjøpe boka i museumsbutikken på Nesasjøhuset.