Ryfylkehus er tittelen på årboka til Ryfylkemuseet for 2024
Me skal igjen sjå nærare på Ryfylkeidentiteten. Denne gang er tema byggeskikk. Er du glad i gamle hus blir du glad for denne boka.
Museet har hatt bygningsvern som eit sentralt fagfelt i over 30 år. Fagfeltet er komplekst, og Ryfylkemuseet har jobba med det på mange ulike måtar. Difor overraskar det ikkje at litteraturlista går over fleire sider – og at mykje av det vi finn der, har blitt skrive at tilsette ved museet.
Fagfeltet «Bygningsvern» handlar om mykje, men berebjelkane er det tradisjonelle handverket som høyrte til å bygge hus.
Tradisjonshandverk er ordet me brukar om handverket i dag – men det handlar om mykje meir enn eitt fag. Det handlar om om snekring, tømring, smiing, muring, arkitekturkunnskap, materiallære, estetisk sans, matematikk, kjennskap til klimaforhold og til historie og levekår. Ein handverkar, etter gammalt, kunne mykje, og jobba ofte med alle deler av husbygginga, frå grunnmur, til laftekasse til utsmykking og tak.
Byggeskikk er gjerne det resultatet vi ser av lokale handverkstradisjonar som har prega måten ein bygde hus på over tid.
Den som kan dette, er tradisjonshandverkaren. Tradisjonshandverkaren er nøkkelpersonen som kan handverket som trengs for å bevara gamle hus. Lenge har dette ikkje vore anerkjent nok, og bevaring vart i stor grad styrt av akademikarar. Dette kan de lese meir om i kapittelet om handverkaren. Her kan de til og med bli litt kjent med museumshandverkarane på Ryfylkemuseet i dag.
Årboka i år tar lesaren med på ein reise gjennom byggeskikken i Ryfylke, frå det svært lokale til betraktningar om korleis europeiske motar i byggeskikken finst igjen også her. Frå museumshandverkaren og kunnskapen han har fått med seg av å gå med faren som barn, til klimakrise og korleis tradisjonshandverket og bevaring utført av fagfolk faktisk kan lønne seg framfor moderne materialar og teknikkar.
Me ønskjer god lesing.
Desse artiklane finn du i årboka, i tillegg til årsmeldinga.
Forord
Ryfylkehuset og andre hus i Ryfylke
Materialane det vart bygt av, og reiskapen det vart bygt med
Bygge med tre
Tekke toka med tak
Handverkaren – nøkkelperson i bygningsvernet
Motar i byggeskikken
Tøft å vera hus i klimakrisa
Ryfylkehuset – finst det?
Kjelder og litteratur som er brukt
Årsrapport for Ryfylkemuseet
Notar