Folk i Ryfylke 2005

Da Staten i 1987 kjøpte Jonegarden, gnr. 1 på Hustveit, var det fleire formål som blei tilgodesett. Det unike kulturlandskapet talde mye. Garden strekker seg frå fjord til høgfjell og omfattar det som Audun Steinnes i denne boka kallar `eit snitt gjennom Ryfylke-naturen`. Som naturområde er Hustveit også eit attraktivt og mye brukt friluftsområde. Bygningane på garden sto slik dei hadde stått heile hundreåret.

Ut frå dei mange interessene som knyter seg til Hustveit har arbeidet med å bevare garden og legge forholda til rette for publikum gått føre seg i eit samarbeid mellom Fylkesmannen i Rogaland, som representant for Staten, Sauda kommune, Nord-Rogaland og Sunnhordaland friluftsråd og Ryfylkemuseet.

I denne boka prøver vi å samla ein del av den kunnskapen vi har som Hustveit. Om folka, husa, naturen og korleis levemåten har vore. Slik Jonegarden på Hustveit står fram nå er det eit minne som særleg er knytt til dei to siste generasjonane, Torgeir og Siri og dei 9 borna deira. Den lengstlevande av desse, Jone, døydde i 1986.


Pris kr 200,- (frakt kjem i tillegg).

Du kan kjøpe boka i museumsbutikken på Nesasjøhuset.

Bøkene kan også tingast her.

INNHALD

Desse artiklane finn du i årboka, i tillegg til årsmeldinga.


Bjarte Skipevåg; Jone T. Hustveit – eit løynd liv


Arnvid Lillehammer; Huslydane på Jonegarden


Trygve Brandal; Hustveit – ein liagard ved Saudafjorden


Oddwar Rønning; Kvardagen


Audun Steinnes; Eit snitt gjennom Ryfylkenaturen


Eva Songe Paulsen; Store og små skapningar


Grete Holmboe; Bygningane


Grete Holmboe; Tysselandsløa


Ruth Anne Moen; Dei handskrivne songbøkene


Arnvid Lillehammer; Dei to Blankenborg-sagene


Roy Høibo; Museumsgard med landskap til


Bli Medlem