Ryfylkemuseet forvaltar to husmannsplass, Bakken på Rennesøy og Røynevarden i Suldal. Medan Bakken blei busett alt på 1700-talet og representerer den nøysame skikken med å bygge bustad og løe under same tak, blei Røynevarden busett tidleg på 1800-talet og representerer ein litt romslegare levemåte med fleire hus og eit utval åkerlappar.
Gjennom kjøpet av husa på Røynevarden så tidleg som i 1946/-47 var det dåverande Rogaland folkemuseum tidleg ute med å innlemme husmannen i medvitet om fortida. Bakken blei overtatt av Rennesøy kommune i 1964.
Ryfylkemuseet har eit unikt grunnlag for å formidle kunnskap om husmannstida og opplevingar av husmannsplasset. Denne utgåva av årboka til museet er ein lekk i arbeidet med å løfte fram denne kunnskapen og er samtidig eit utgangspunkt for andre tilbod til det allmenne publikum og til skulen.
Pris kr 200,- (frakt kjem i tillegg).
Du kan kjøpe boka i museumsbutikken på Nesasjøhuset.
Desse artiklane finn du i årboka, i tillegg til årsmeldinga.
Trygve Brandal; Røynevarden – Plasset og folka
Grete Holmboe og Roy Høibo; Jakta på byggeskikken
Trygve Brandal; Bakken – Plasset og folka
Grete Holmboe; Hus og heim på Bakken
Ernst Berge Drange; Den skjulte busetnaden – Husmannsskipnaden på 16 – og 1700-talet
Trygve Brandal; Husmannsvesenet i Ryfylke på 1800-talet
Lars Olav Fatland; Eit riss gjennom husmannssoga
Ruth Anne Moen; Ei husmannsvise
Johan Veka; Or husmannssaga i Øvre Suldal
Roy Høibo; to husmannsmuseum på rot