Folk i Ryfylke 2010

Mølleparken på Tau var lenge ei lukka verd for dei fleste. Men så blei parken tusenårsstad og det opna seg utvegar til å utvikle ein unik møteplass og eit viktig minne om industrien som hadde vore der like sidan 1855.

Mølleparkens Venner har i ti år gjennomført ein imponerande innsats for å gjera parken levande og ta vare på kvalitetane ved parken. I dag er Mølleparken ein institusjon som trekker til seg både folk frå Tau og meir langvegsfarande gjester.

Ryfylkemuseet er bedne med for å ivareta den museale sida ved verksemda, og vi arbeider med planar for ei utstilling om det gamle brukssamfunnet i andre etasje i bruksløa.
Første etappe i dette arbeidet er innsamling og bearbeiding av ein del materiale om staden og folka som har levd der.
Dette heftet er første resultatet av dette arbeidet.


 

Pris kr 300,- (frakt kjem i tillegg).

Du kan kjøpe boka i museumsbutikken på Nesasjøhuset.

Bøkene kan også tingast her.

 

INNHALD

Desse artiklane finn du i årboka, i tillegg til årsmeldinga.


Trygve Brandal; Mjøl og øl – glimt frå industrihistoria på Tau


Grete Holmboe; Villa Tau med paviljong og hage


Roy Høibo; Mølleparkens Venner – ei suksesshistorie


Jan Egil Svensen; Bryggeriet på Tou


Åshild Marie Øverland; Spydspissar inn i den nye tid – industristader og framveksten av det moderne Norge


Roy Høibo; Soga om eit bygdemuseum på legd


Tone Alise Årtun; Bedehus i Strand


Roy Høibo; Tilløp utan hopp – Ryfylkemuseet i Strand


Bli Medlem