Få stader i Rogaland finn ein så godt bevarte hus og bygningsmiljø som i Ryfylke. Ryfylkemuseet er det største bygningsmuseet i Rogaland og har ansvaret for forvaltning av 73 antikvariske bygningar. I denne boka presenterer vi alle, med nye foto og utfyllande tekst. Og vi fortel om det arbeidet med å ta vare på bygningsarven og tradisjonshandverket.
Ryfylkemuseet har kring 20 avdelingar i Ryfylke-kommunane Forsand, Strand, Hjelmeland, Suldal, Sauda, Finnøy, Rennesøy og Kvitsøy. Samlingane omfatter gjenstandar, fartøy, foto, lyd, naturhistoriske samlingar og arkivmateriale og speglar eit stort mangfald av levevis og livsvilkår. I boka byr vi på glimt inn i dette materialet.
Ryfylkemuseet skal vera ein stad der folk kan få kunnskap og gode opplevingar. Museet skal vera for alle, for gamle og unge, kvinner og menn, for folk som kan rekne slekta si mange ledd tilbake i historia go slik som nyss har kome. Museet skal vera ein møtestad med eit kommunikasjonsfellesskap som skaper grunnlag for ei felles framtid. I boka fortel vi historia om museet som samfunnsinstitusjon.
Dette er ei bok for folk med røter i Ryfylke, for dei som hører til eller vil høre til, for dei som trur det finst ekte verdiar og søker mot slikt som ikkje gir seg ut for å vera noe ann en det det er.
Pris kr 350,- (frakt kjem i tillegg).
Du kan kjøpe boka i museumsbutikken på Nesasjøhuset.
Desse artiklane finn du i årboka, alle skrevet av Roy Høibo, i tillegg til årsmeldinga.
Museum for Ryfylke
Dei store gardane
Husmannsplassane
Dei små husa innimellom
Strandstaden og industristaden-sentrum i bygda
Jakta på byggeskikken
Samlingar til kunst om levd liv
Dokumentasjon og forsking
Møte med publikum