Ryfylkemuseet har i 2015 over 20 000 gjenstandar. Mange av desse står i miljøutstillingar på anlegga våre, medan andre av ulike årsakar ligg i magasin. I 2015 er over 9 600 gjenstandar òg tilgjengelege på nettstaden Digitalt Museum (digitaltmuseum.no), der ein kan sjå bilete og lesa om desse. Kvar enkelt gjenstand er ein liten del av historia til Ryfylke, og i denne boka ønskjer me å fortelja nokre av desse historiene. Forteljingane famnar breitt både i tema og tid. Artiklane er hovudsakleg skrivne av fast tilsette ved museet, men me har òg vore heldige og fått med oss nokre gjesteskribentar.
Denne boka er ei samling artiklar knytt til nokre av gjenstandene i vår samling.
Pris kr 350,- (frakt kjem i tillegg).
Du kan kjøpe boka i museumsbutikken på Nesasjøhuset.
Desse artiklane finn du i årboka, i tillegg til årsmeldinga.
Brukstøy for Busen; Roy Høibo:
Eit ferdaskrin på vandring; Thora-Liv Thorsen
Nøysemd og flid; Anne Margrethe Myhre
Ferguson 1938; Trygve Brandal
Strykebenkjen; Sven Hoftun
Om ulike arbeidsbenker og prosessen rundt, med utgangspunktet i benken på Kolbeinstveit
Krossåkle til Ruth Kvæstad; Sissel Moe Lund
Roser frå Ryfylke; Roy Høibo
Rosemaling i Ryfylke
Eit garnnøste; Anette Opheim
Korleis heimeproduserte garnnøste har vorte laga i Noreg i første halvdel av 1900-tallet
Valskår-tromma; Ernst Berge Drange
Historismen; Grete Holmboe
Historismen i Ryfylke, med utgangspunktet i ein stol frå stasmøblane i bestestove på Håland
Skyttarsaka i Ryfylke; Sveinung Søyland Moen
Eit innblikk i den tidlege historia
Silke for Sonja; Roy Høibo
Kva gjer ei silkedrakt frå Thailand i samlingane til Ryfylkemuseet?
Frå <ski med stavar> til datafiler; Bernd Elmies
Registreringar i forandring