Historia må til ei kvar tid levandegjerast, tilførast næring og visualiserast for ettertida. Denne boka er ein freistnad på akkurat dette. Boka tek føre seg mange ulike sider av alle dei direkte og indirekte gjeremåla som utvikla seg gjennom Ryfylkesamarbeidet etter innleiinga i 1966. Gjennom “morselskapet” som vi har kalla grunnstammen i Ryfylkesamarbeidet, har kommunane initiert, utvikla og gjennomført tiltak for styrka regionen som ein attraktiv arbeids-og buregion. Omfang og ulike fasetter i dette arbeidet er rikt illustrert gjennom arkiklar og bilete i boka.
I tillegg til omtale av oppgåver gjennomført av ulike selskap, prosjektorganisasjonar og meir uformelle instansar, gir boka refleksjonar på korleis arbeidet, og samarbeidet er opplevd frå nokre av dei som på ulikt vis direkta har vore involvert i arbeidet. Alliansebygging ut over eigen region, og stemmer utanfrå med eller utan skråblikk, skal og ha plass i ei slik bok. Slik har det også blitt.
Pris kr 350,- (frakt kjem i tillegg).
Du kan kjøpe boka i museumsbutikken på Nesasjøhuset.
Desse artiklane finn du i boka:
Kva er Ryfylke; Roy Høibo
Grunnstammen i Ryfylke-samarbeidet gjennom 50 år; Arne Kleppa
Pionerane; Arne Kleppa og Terje Fatland
Å veksa opp i Ryfylke; Kjartan Fløgstad, Terje Vareberg, Andreas Skartveit og Magnhild Meltveit Kleppa
Ryfylkesamarbeidet på godt og vondt; Laura Seltveit, Ingeborg Løyning Søyland, Nils I. Korsvoll, Nils Moldøen og Tor Øyvind Skeiseid
Ryfylke på 1980-talet: Tiltaksarbeid på dugnad; Audun Rake
Samarbeid for ei intensivert næringssatsing i Ryfylke; Arne Kleppa, Audun Rake, Trygve Brandal og Jone Hagalid
Reisemål Ryfylke: Suksess gjennom samarbeid; Heidi Hjorteland Wigestrand
Vegar kan vera så mangt; Arne Kleppa
Ryfylke Miljøverk – «RYMI»; Odd Harald Olsen
Ryfylkefondet; Arne Kleppa
Ryfylke og Nord-Jæren: Eit fellesskap – ein region?; Jostein Soland
Ryfylke – Kraftfull utviklingsaktør eller «død fjordhest»?; Svein Helgesen