Folk i Ryfylke 2018

Kva er typisk norsk for deg? Kultur og samfunn er i stadig utvikling, dei blir påverka av omverda og endrar seg over tid. I denne utgåva av Folk i Ryfylke kan du lese om korleis Rogalandsbunaden blei ­(og blir) til, om korleis museet jobbar for å gi folkemusikk og folkedans rom i ungdomskulturen, om nederlandske skipperar og amerikanske investorar, og mykje meir. Boka gir eit innblikk i det kulturhistoriske mangfaldet vi lever i med artiklar som nærmar seg ulike tema på forskjellige måtar. Du som lesar er hjarteleg velkommen til å vere med på å reflektere over korleis ting og tradisjonar blir typisk norske og korleis vi skal ta vare på dette.

 


 

Pris kr 350,- (frakt kjem i tillegg).

Du kan kjøpe boka i museumsbutikken på Nesasjøhuset.

Bøkene kan også tingast her.

 

 

INNHALD

Desse artiklane finn du i årboka, i tillegg til årsmeldinga.


Europeiske motar i Ryfylkearkitekturen; Grete Holmboe


To steg fram og eitt tilbake; Tove Solheim  og Åshild Vetrhus


Kulturmøte i fjordane og i verdsbyen – ryfylkingar og nederlendarar;
Ernst Berge Drange


Sauda – ei global industribygd inst i fjorden; Ellen Bjerkan


Bunadsliv; Grete Holmboe


Strikkekonene i Sirogojno; Roy Høibo


Norsk ull: ein ressurs?;  Janneke Wijgergangs


Bygdetun i «The global village» ; Anna Ehrhardt


Bli Medlem