Sauda er ein konsentrert industristad der ein lett kan sjå samanhengen mellom energi, produksjon og samfunn. Ryfylkemuseet har lenge vore engasjert i arbeidet med å dokumentere industristaden og ta vare på minne som kunne vera med på å forklare samfunnsutviklinga og dei store samanhengane for nye generasjonar.
Viktige milepålar i dette arbeidet har vore vernet av Åbøbyen, etableringa av Industriarbeidarmuseet, innsamlinga av foto og minnemateriale og ordninga av arkiva til bedriftene og fagforeiningane.
Dei siste åra har vi engasjert oss sterkt i arbeidet med vern av Sauda III og i arbeidet med å skape forståing for den utvegen til å skape eit senter for formidling av industristadhistoria som ligg føre her. Vi håper denne boka kan bidra til ytterlegare forståing for den unike utvegen Sauda-samfunnet har til å utvikle ei forteljing som kan legge verdi til industristaden både for fastbuande og tilreisande.
Pris kr 300,- (frakt kjem i tillegg).
Du kan kjøpe boka i museumsbutikken på Nesasjøhuset.
Desse artiklane finn du i årboka, i tillegg til årsmeldinga.
Forord; Roy Høibo
Vatnet og krafta; Trygve Brandal
Kjærlighet og hat innenfor bedriftens rammer; Harald Utter
Sauda Lokalarkiv; Ernst Berge Drange
Litt om det religiøse livet i Sauda før 19070; Tove Årtun
Åbøbyen før, under og etter verneplanen; Grete Holmboe
Eit museum for industristaden; Roy Høibo